Spør legen: Ufrivillig barnløs i over to år

Ufrivillig barnløs i over to år

Hei! Vi er eit sambuarpar som i over to år har forsøkt å bli gravide. Eg blir snart 28 år og sambuaren min er 36. Begge er normalvektige (eg er 173 og ca 75 kg), trener regelmessig, røyker ikkje, og drikk sjelden alkohol. Vi skal på utredning snart, men har likevel eit par spørsmål som eg vil lufte før vi kjem så langt:

Eg har hatt ein invendig ultralyd som ikkje viste at noko var gale - fekk også sjå at eg faktisk hadde egg der inne!. Endometriose ville vel vorte oppdaga ved ultralyd? Har ikkje spesielle smerter ved menstruasjon, berre det eg anser for å vere normalt. Eg blør i 2-3 dagar, men nokre syklusar kan det ”stoppe opp” etter 2 dagar, og så komme igjen ein dag litt seinare.

Legen sjekka også sædprøven til sambuaren min i eit mikroskop (altså ikkje ein skikkeleg undersøkelse som på eit sjukehus). Der såg det ut til å vere masse liv. Lurer på om syklusen min er så ”stabil”, sjølv_ om eg held meg innanfor det som vert rekna som normal lengde.

Eksempel på sykluslengde dei siste 18 mnd: 31, 29, 30, 29, 26, 27, 33, 29, 31, 28, 28, 28, 26, 29, 30, 27, 30 og denne månaden var den berre på korte 25 dagar. Tidlegare brukte eg eggløysingstestar for å sjekke at eg faktisk hadde eggløsning, men dei fekk eg ikkje utslag på kvar månad. Droppa dei til slutt, og har prøvd å hatt sex annakvar dag i det som vi reknar som eggløysingsperioder. No blir det stort sett når vi har lyst (men lysta er som regel høgare hos meg i/eller rett før eggløysingsperioden har eg merka). Kan for eksempel Pergotime vere eit alternativ til meg for å vere sikker på at eg faktisk får eggløsning? Eller at det er lettare å vite kor tid den er? Eg lurer nesten på om at tida frå eggløsning til mensen kjem er for kort, om du skjønner. Åltså at kroppen ikkje får tid til å forberede for graviditet?

I grunn så vil eg vel berre høyre kva ein fagperson seier utifrå desse opplysningane eg har gitt. Veit at det kan vere mange ting som er gale, men trur du det er noko som er meir sannsynleg enn noko anna? Er det noko som er veldig viktig at eg opplyser eller spør om ved undersøkinga vi skal gjennomgå på fertilitetsklinikken vi skal bruke?

Generelt er eg vel berre veldig lei meg akkurat no fordi mensen kom i går og eg ikkje kan ringe og avbestille heile undersøkinga. Fantastisk at ein etter over to år endå går å håper kvar månad om at mensen ikkje kjem (skrive med ein smule ironi altså...).


–veldig lei seg prøver...

Mette Moen, Gynekolog svarer:

Jeg forstår din frustrasjon over menstruasjoner som stadig kommer selv om de ikke er ønskede. Dere har vært tålmodige med å vente to år, vanligvis kan man starte utredning etter ett år.

Med hensyn til endometriose, så er det bare endometriosecyster man kan se på ultralyd. Små endometrioseflekker som er det vanligste, kan man ikke se. Man må gjennom laparoskopi (kikkhullsoperasjon for å få diagnostisert endometriose), og en slik undersøkelse gjør man i en del tilfeller som det siste i utredningen, men ikke alltid.

Jeg tror med ganske stor sikkerhet at du har eggløsning med de intervaller du angir. Den fruktbare periode er i seks dager som avsluttes eggløsningsdagen som igjen kommer ca. to uker før neste menstruasjon. Samleie 2-3 ganger i uken er tilstrekkelig til å kunne ramme de mest fruktbare dager. Det er unødvendig å bruke eggløsningstest.

For kort lutealfase (tiden fra eggløsning til menstruasjon) er et fenomen som det diskuteres om har betydning. 10 dagers lutealfase skulle være tilstrekkelig.

Pergotime kan være verdt å prøve, men det bør du vente med til du har vært på utredning.

Det lyder som din manns sædkvalitet er bra.

Legen vil ta hormonprøver av deg, sikre at du har eggløsning ved måling av progesteronhormonet midt i lutealfasen, og sikre at stoffskiftet er normalt. Så bør dine eggledere sjekkes, det kan gjøres ved røntgen (HSG) eller ved laparoskopi.

Noen ganger går man rett på prøverørsforsøk, noen ganger sjekker man egglederne først. Lev sundt, husk å bruke folat 400 mikrogram daglig og unngå røyk og overdreven alkoholbruk. Det lykkes nok med litt tålmodighet.

Vennlig hilsen


– Mette Moen, Gynekolog


Publisert: 2007.09.11 22:05